MISSA (lydbok) av Knut Ødegård
Legg til i ønskeliste
Knut Ødegård (forfatter)

MISSA lydbok

150,-
(0)
Då Knut Ødegård i 1998 gav ut diktboka MISSA skreiv Lars Roar Langslet i Aftenposten at boka er “et unikt verk i nordisk religiøs diktning”. Og Brian McNeil i Vårt Land kalla boka “ ... et poetisk verk som fortjener alle superlativene i kritikernes ordforråd. Her har vi en dikter og et dikt av europeisk format.” MISSA er ei variert og dristig diktsamling der alle dikta høyrer saman og er komponerte over den katolske messa. Forfattaren går nærgåande og utfordrande inn på alle sider ved mennes…
150,-
Forfattere Knut Ødegård (forfatter)
Sjangrer Poesi, Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN
Då Knut Ødegård i 1998 gav ut diktboka MISSA skreiv Lars Roar Langslet i Aftenposten at boka er “et unikt verk i nordisk religiøs diktning”. Og Brian McNeil i Vårt Land kalla boka “ ... et poetisk verk som fortjener alle superlativene i kritikernes ordforråd. Her har vi en dikter og et dikt av europeisk format.” MISSA er ei variert og dristig diktsamling der alle dikta høyrer saman og er komponerte over den katolske messa. Forfattaren går nærgåande og utfordrande inn på alle sider ved menneskelivet, også dei mørkaste avkrokar i sinnet, avvik, fysisk og psykisk sjukdom, og og lar alt menneskeleg finna sin plass inne i ei rørsle gjennom dei faste ledda i messa. Poetens musikalske og nære nynorsk kling saman med dei eldgamle latinske messeleda i ein særeigen samtale mellom det kvardagslege og det opphøgde språket som representerer det djupt menneskelege og det guddommelege. Knut Ødegård debuterte med diktsamling i 1967 og har sidan gjeve ut over førti bøker: Dikt, prosa for vaksne og born, essays og gjendiktingar av utanlandsk prossa, dramatikk og poesi – m.a. fire band gjendiktingar av eddadikta. Han er den norske lyrikaren som er omsett til flest språk, 39 i alt. Han har motteke ei lang rekkje høgthengande litteraturprisar, ordenar og utmerkingar frå inn- og utland.