Innanfor. Utanfor - men alltid autist (lydbok) av Stine Hanssen Brattland
Legg til i ønskeliste
Stine Hanssen Brattland (forfatter), Kirsti Refseth (innleser)

Innanfor. Utanfor lydbok

349,-
Om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.I Innanfor. Utanfor fortel Stine Hanssen Brattland historia si om å mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opplevde ho fleire nederlag som førte til ein årelang kamp gjennom NAV-systemet. Først i vaksen alder fekk ho diagnosen autisme, noko som blei ei forklaring på utfordringane ho hadde møtt – og som til slutt blir redninga. I boka deler ho erfaringane frå å leve utanfo…
Lydbok 349,- Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel men alltid autist
Forfattere Stine Hanssen Brattland (forfatter), Kirsti Refseth (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 23 april 2025
Lengde 2:57
Sjanger Biografier, Helse og livsstil, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234015045
Om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.

I Innanfor. Utanfor fortel Stine Hanssen Brattland historia si om å mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opplevde ho fleire nederlag som førte til ein årelang kamp gjennom NAV-systemet. Først i vaksen alder fekk ho diagnosen autisme, noko som blei ei forklaring på utfordringane ho hadde møtt – og som til slutt blir redninga. I boka deler ho erfaringane frå å leve utanfor samfunnet sine rammer og fortel om korleis diagnosen har opna dører til å forstå seg sjølv betre. Innanfor. Utanfor er ei sterk og ærleg forteljing om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.

I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.