Raudt støv - Bok 2 : roman (lydbok) av Tore Kvæven
Gratis utdrag
Tore Kvæven (forfatter), Anderz Eide (innleser)

Raudt støv (Raudt støv #2) lydbok

349,-
Premium
Andre bok i mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore KvævenÅret er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som ideal…
Lydbok 349,-
Ebok 299,-
eller Gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel Bok 2 : roman
Forfattere Tore Kvæven (forfatter), Anderz Eide (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 2024
Lengde 7:19
Sjanger Skjønnlitteratur, Fantasy og science fiction
Serie Raudt støv
Nummer i serie 2
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234013522
Andre bok i mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven

Året er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i
Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut. Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?


Om Raudt Støv. Bok 1 (2023):

Terningkast 5!
"Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle." - MIA BULL-GUNDERSEN, BOK365

Terningkast 6!
"En usedvanlig billedrik og vakker roman" - VALERIE KUBENS, FÆDRELANDSVENNEN