Forsvarstale for eit vondt menneske - rett, samfunn og kvinner på 1700-talet (lydbok) av Jørn Øyrehagen Sunde
Legg til i ønskeliste Hør gratis utdrag

Forsvarstale for eit vondt menneske lydbok

399,-
Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving.Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho, eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?    I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt b…
Lydbok 399,- Ebok 349,-

Andre har også kjøpt

Undertittel rett, samfunn og kvinner på 1700-talet
Forfattere Jørn Øyrehagen Sunde (forfatter), Jørn Øyrehagen Sunde (innleser)
Utgitt 1 oktober 2025
Lengde 9:07
Sjanger Historie, Politikk og samfunn, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788272019074
Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving.
Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho, eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar?
    I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå?
    Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i, og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga samtid.