Brød frå englane (lydbok) av Patti Smith
Legg til i ønskeliste
Patti Smith (forfatter), Gjertrud Jynge (innleser)

Brød frå englane lydbok

349,-
Kommer 4. november
Ei eventyrleg forteljing om livet som musikar av Patti Smith, forfattaren bak boksuksessen Just Kids. Patti Smith veks opp i etterkrigstida. Frå eit falleferdig bustadkompleks tar ho oss med inn i barnets fantasiverd. Ho opptrer som kaptein for ein lojal søskenhær, overvinn bøller, kommuniserer med kongen av skjelpadder og leitar etter heilage sølvmyntar.Vi blir med vidare gjennom tenåra, der Arthur Rimbaud og Bob Dylan dukkar opp som forbilde når Smith begynner å skrive poesi, deretter so…
Lydbok 349,- Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Patti Smith (forfatter), Gjertrud Jynge (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 4 november 2025
Sjanger Kunst og kultur, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234016042
Ei eventyrleg forteljing om livet som musikar av Patti Smith, forfattaren bak boksuksessen Just Kids. 

Patti Smith veks opp i etterkrigstida. Frå eit falleferdig bustadkompleks tar ho oss med inn i barnets fantasiverd. Ho opptrer som kaptein for ein lojal søskenhær, overvinn bøller, kommuniserer med kongen av skjelpadder og leitar etter heilage sølvmyntar.

Vi blir med vidare gjennom tenåra, der Arthur Rimbaud og Bob Dylan dukkar opp som forbilde når Smith begynner å skrive poesi, deretter songtekster, og kombinerer begge delar i dei ikoniske innspelingane som Horses og Easter. Men så legg ho alt dette bak seg for å gifte seg med den eine sanne kjærleiken sin, Fred «Sonic» Smith, og med han skapar ho eit liv i truskap og eventyr ved ein kanal i St. Clair Shores i Michigan. Her, i den landfaste Chris-Craft-båten sin, sit paret oppe om nettene og studerer nautiske kart og kartlegg nye eventyr, samtidig som dei stiftar familie.

Mens Smith lid store tap, flettar sorg og takksemd seg saman gjennom år med omsorg for barna og forsøk på å bygge livet opp igjen. Til slutt begynner ho på ny å skrive – og forvandlar det verdslege til noko vakkert, det vanlege til noko magisk og smerte til håp.

Omsett av Ingvild Holvik.