Legg til i ønskeliste
Nordriket lydbok
179,-
Premium
I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram.
Folket i Nordriket kjempar ein kamp dei ikkje kan eller vil tape. Dei vil ikkje miste verken sjølvstyret eller dei religiøse tradisjonane dei har måtta kjempe for i tidlegare krigar. Harald, sonen til ein av motstandsheltane i Nordriket, forvandlar seg gradvis ti…
Lydbok
179,-
Ebok
179,-
Kan spilles i våre gratis apper for iPhone/iPad og Android
Kan spilles i EBOK.NO-appene
Forlag
Lydbokforlaget
Utgitt
23 september 2020
Lengde
9:38
Sjanger
Romaner, Fantasy og science fiction, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
mp3
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788242185754
I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram.
Folket i Nordriket kjempar ein kamp dei ikkje kan eller vil tape. Dei vil ikkje miste verken sjølvstyret eller dei religiøse tradisjonane dei har måtta kjempe for i tidlegare krigar. Harald, sonen til ein av motstandsheltane i Nordriket, forvandlar seg gradvis til ein soldat alle fryktar. Søstera Ingebjørg leitar både etter ektemannen, som er teken til fange av Føderasjonen, og etter ein måte å komme seg bort frå krigen på. Mens den føderale offiseren Henok ikkje skyr noko i kampen for å knuse motstandsrørsla, han vil hemne foreldra som mista livet i ein terroraksjon under førre krig.
I Nordriket skjer eit nådelaust oppgjer mellom to ulike sivilisasjonar. Det er både spennande og urovekkande, underhaldande og vondt. Bli med inn i ei verd der familie, venskap og tillit blir sett på prøve - og i spel.