Halvor Folgerø
(forfatter)
,
Halvor Folgerø
(innleser)
Ferjefolket lydbok
349,-
Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i boka.D…
Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i boka.Den aller første bilferja her i landet heitte «Salhusfærgen». Frå 1919 frakta ferja både folk og bilar over Karmsundet i Rogaland. I dag vert ferjene mange stader bytte ut med bruer og tunellar. Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai.Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.Boka er rikt illustrert med bilete frå ei rekkje ulike kjelder.
Lydbok
349,-
Ebok
129,-
Forlag
Samlaget
Utgitt
10.03.2026
Lengde
5:24
Sjanger
Språk
Nynorsk
Format
mp3
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234016295
Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i boka.Den aller første bilferja her i landet heitte «Salhusfærgen». Frå 1919 frakta ferja både folk og bilar over Karmsundet i Rogaland. I dag vert ferjene mange stader bytte ut med bruer og tunellar. Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai.Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.Boka er rikt illustrert med bilete frå ei rekkje ulike kjelder.
Ingen vurderinger ennå
