Kairos (ebok) av Andrzej Tichý
Legg til i ønskeliste
Andrzej Tichý (forfatter), Andrzej Tichy (forfatter)

Kairos ebok

329,-
Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst. «Eg skriv til dykk frå ei anna verd». Med desse orda opnar Andrzej Tichy sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichy utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skift…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Andrzej Tichý (forfatter), Andrzej Tichy (forfatter), Gunstein Bakke (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 10 oktober 2018
Lengde 437 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252193619
Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst. «Eg skriv til dykk frå ei anna verd». Med desse orda opnar Andrzej Tichy sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichy utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skiftande forteljarspor undersøkjer han krisa og valden, opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien. I Kairos' vev av stemmer og bilete gnissar både 1900-talet, samtida og framtida mot kvarandre: 30-talsdepresjonen, Peter Weiss' møte med Karin Boye, Bernward Vesper og 68-rørsla, den arabiske våren og ein Jeanne d'Arcskikkelse som rører seg mellom ulike stader. Kairos er ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande.