Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Aldri god nok (Norsk røyndom) ebok
299,-
Om den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav.I Aldri god nok tek Jeswanthiny Mayooran oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne? Gjennom pers…
Ebok
299,-
Lydbok
299,-
Forlag
Samlaget
Utgitt
12 juni 2025
Sjanger
Biografier, Helse og livsstil, Dokumentar og fakta
Serie
Norsk røyndom
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234014949
Om den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav.
I Aldri god nok tek Jeswanthiny Mayooran oss med inn i ei verd der ambisjonar og forventningar frå foreldre formar livet til borna. For mange innvandrarar står legeyrket høgt på ønskelista, men kva skjer når draumen ikkje er borna sin eigen? Jeswanthiny gav etter for presset og valde medisinstudiet, trass i manglande interesse. I dag er ho overlege i psykiatri. Kva har dette valet eigentleg kosta henne? Gjennom personlege skildringar reflekterer ho over forholdet til foreldra og byr på eit ærleg innblikk i den indre kampen mellom eigne ønske og kjærleiken til familien og deira krav. Dette er ei bok som vil treffe mange, både dei som har kjent på presset, og dei som ønskjer å forstå kva som ligg bak. Det prøver denne boka å svare på.
I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.