Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Eg er mamma, eg skal vere god ebok
249,-
Eg har trettifire slides som eg skal igjennom. Det må gå fort. Eg legg meg på linja om at det er viktigare å kome igjennom, enn at det blir bra. Eg driv med høgtlesing. Eg les opp det som folk allereie kan lese sjølve. Men eg peikar meg også igjennom figurar, grafar og digram. Då brukar eg eigne ord, salen vaknar og blir plutseleg med, dei stiller spørsmål og det bankar i meg, eg blir oppglødd og snakkar om logiske samanhengar; dersom det, så det, under føresetnad om riktig trykk og temperatur,…
Ebok
249,-
Forlag
Cappelen Damm
Utgitt
29 mars 2011
Lengde
174 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788202354138
Eg har trettifire slides som eg skal igjennom. Det må gå fort. Eg legg meg på linja om at det er viktigare å kome igjennom, enn at det blir bra. Eg driv med høgtlesing. Eg les opp det som folk allereie kan lese sjølve. Men eg peikar meg også igjennom figurar, grafar og digram. Då brukar eg eigne ord, salen vaknar og blir plutseleg med, dei stiller spørsmål og det bankar i meg, eg blir oppglødd og snakkar om logiske samanhengar; dersom det, så det, under føresetnad om riktig trykk og temperatur, så vil det og det sannsynlegvis skje.
Eg blir fylt med tryggleik. Eg står breibeint og stryk krøllane bort når dei inn imellom fell ned i augo på meg. Eg viser eit bilete av Karl i den gule dosaren, og viser metodar vi har teke i bruk i bygginga av E8 i Ramfjorden. På slutten legg eg inn ein oppsummering som set E8-utbygginga inn i eit større perspektiv. - Nordområda, med olje- og gassressursane, seier eg, blir verdas viktigaste stad i dei neste tiåra. E8 er sentral for Tromsøs utvikling og så kjem OL i 2018. Eg sklir ut. Eg prøver å gjere meg større enn eg er. Eg prøver verkeleg å blåse meg opp ein divisjon.